 |
Velkommen til Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk
|
|
|
|
Starten frå 1964 Nokre eldsjeler frå Valderøy Skulekorps fann ut at dei ville halde fram med korpsmusikk sjølv om dei tok til å bli vaksne gutar, og 28. september 1964 vart spiren sett til det som då vart døypt Valderøy Ungdomsmusikk. Korpset hadde 11 medlemmar, og dei som stod i fremste rekkje var blant andre Kåre Roald, Kjell Vattø og Karsten Nordstrand, samt Jostein Oksnes som òg vart den første dirigenten. Karl Oksnes vart vald som første formann.
Vigra+Valderøy=sant Etter nokre år mangla ein framleis ei stor nok, og stabil, besetning. Då det allereie var nokre vigringar som hadde lurt seg med frå før, vart det naturleg å sjå over Gjøsundet etter fleire musikkrefter. Ute på Vigra hadde det i mange år eksistert eit ”salongorkester”, og etter eit felles skipingsmøte i 1969 vart desse to laga slått saman, og korpset fekk slik namnet ”Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk”. Dirigenten for det nye korpset vart Per Roald (Solem-Per) frå Vigra. Han dirigerte korpset fram til 1974, og heile tida han levde viste han med varmt hjarta eit stort engasjement for korpset.
Påkledninga måtte òg stå i stil, og uniformer sto høgt på ønskelista til musikantane. ”Den første 17.mai korpset spelte, hadde vi berre uniformshuer, men i 1970 fekk vi fullstendige uniformer, som var brune”. Seier karane som gladleg mimrar over meir enn førti år som korpsmusikantar. (Mimrarar: Hans Oksnes, Aslak Valderhaug, Per Henning Oksnes og Kåre Roald)
Perioden 1974 til 1984 Denne epoken var på mange måtar ei stor tid for korpset. Arnfinn Blindheim tok over som dirigent hausten 1974, og dirigerte korpset i meir enn 20 år. ”Det vart vel berre slik”, seier Blindheim på førespurnad om korleis han kom inn som dirigent for korpset. ”Eg spelte klarinett i korpset då Per (Roald) dirigerte, og ein gong då han skulle spele orgel i kyrkja under ein julekonsert, spurte han om eg ville dirigere korpset.” Seinare vart Blindheim spurt om å ta over som hovuddirigent for korpset. Blindheim er ein musikar med gode kontaktar, både innan jazz og klassisk, og desse vart mykje nytta som instruktørar. Både kjende og mindre kjende Sulalendingar og andre frå heile fylket har vore, og er, godt nytta kjelder for inspirasjon og ny kunnskap. Korpset fekk i denne perioden eit godt musikalsk nivå, og utfordringane var mange og interessante. Korpset talde i denne tida fram mot 50 aktive medlemmar.
Nye uniformer Den 16. mai 1977 fekk korpset nye uniformer; dei same grøne uniformene som vi har i dag. Uniformene var i tidmessig korrekt design med trange lår, og kraftig sleng som starta ved kneet. Mange av ”ungdomane” meiner dei krympar i skåpa, og dei fleste uniformene har vel blitt omsydde på kammerset meir enn ein gong.
Musikalske undergrupper I denne perioden vart det òg danna fleire undergrupper til ungdomsmusikken. Ivrige musikarar skipa både brass-sekstett, tyrollerorkester, nisseorkester, dixieorkester og songgruppe. Godt kjent vart òg danseorkesteret Tut & Blås. I 1981 spelte både korpset og nokre av undergruppene i NRK radio i eit halvtimes underhaldningsprogram. Dette året var korpset òg med på janitsjarfestivalen på Hamar for første gong. Korpset tok del i konkurransar med andre korps frå heile landet, og gjorde det rimeleg bra samanlagt. Mange har gode minner frå den turen, og mykje moro var det i følgje dei som var med.
Revy I 1974/75 starta korpset opp med revy. Det viste seg at publikum var svoltne på å sjå kjentfolk og småfolk framstilt på scena, og då gjerne i ein skapnad spelt av lokale amatørskodespelarar. I starten fekk ein god hjelp av tidlegare revyartistar og arrangørar, og mange har hatt sine minutt på revyscena opp gjennom åra. Publikum har vore trufaste, og framleis møter folk opp mannsterke for å sjå kva løye ungdomsmusikken har funne på.
Korleis ein fann fram til revytekstane var varierande, og ”noko skreiv vi, og noko stal vi frå andre”, seier Hallvard Skjong, ein av dei som var med under oppstarten av revytradisjonen. Ein forsøkte å gjere eigne vriar på noko ein hadde sett før, og tilpasse det til lokale hendingar eller figurar, men mykje vart skrive av personar i miljøet. Mange av våre medhjelparar og eldsjeler kunne nemnast, men spesielt Jonna Molnes ga oss i ei årrekkje mange gode og treffande visetekster, mange som framleis er like aktuelle i dag.
VVUM 25 år I 1989 feira VVUM 25 år med brask og bram. Korpset inviterte til storslagen jubileumskonsert i idrettshallen, og i tillegg til dei sjølve var både Sulaværingane frå Ytre Suløens Jassensemble og Vatne blandakor invitert for å underhalde øyfolket. Feiringa vart òg markert ved urframføring av korpset sin spesialskrivne marsj, VI-VA Marsjen. Komponisten Sverre Nøstdal dirigerte sjølv under framføringa. Då Nøstdal vart spurd om å komponere denne marsjen til Ungdomsmusikken, og han fekk spørsmålet om kva han skulle ha i løn, svarte han; -de’ må være ei krone med hull i’. Korpset tok han på ordet, og fekk laga ein flott plakett med ei takkehelsing, korpssløyfe og sjølvsagt; ei krone som ein hadde bora hol i.
Innspeling av kassett I løpet av 1987/88 spela korpset inn ein kassett som låg klar for sal til jubilèet. Korpset hadde god og brei besetning, og spelte til dels svært krevjande musikkstykke. Musikkutvalet var gjerne litt meir klassisk enn det har vore den seinare tida, men kjende musikalar som Chess og Jesus Christ Superstar var òg på repertoaret.
Nye stjerner På revysida kom det stadig nye ansikt, og spesielt Anita Valderhaug vart hugsa frå då ho debuterte på revyscena i 1990 med Randy Crawford låten ”Almaz” til stor begeistring frå publikum.
Julenattine og nisseorkester Ungdomsmusikken har alltid hatt mange aktivitetar i tillegg til ordinær korpsgjerning. Vi var dei første her i området som tok til med Julenattinear i kyrkja framimot jul, og vi har mang ein gong stilt som nisseorkester på juletrefestar og ute i nærmiljøet.
Øy-stemne I denne perioden var det òg eit aktivt samarbeid med dei andre korpsa på øyane, og ”Øy-stemne” vart arrangert i tur og orden år etter år. I 1993 reiste korpset for første gong på Stormfestival til Måløy. I lag med musikantar både frå Giske og Godøy vart det speling, stormsuppe, fotballturnering i kostymer og ikkje minst storslagen konsert med dåverande noregsmeistrar Eikanger-Bjørsvik musikklag frå Hordaland.
Storband Hausten 1994 vart det teke initiativ til eit fast Storband her ute på øyane. Bandet vart kalla Gi-Vi-Va-Go, og hadde fleire medlemmar frå alle øyane. Den første gongen dei presenterte seg i offentleg samanheng, var på ein bygdekveld på Godøy 8 oktober 1994.
Nye dirigentar Arnfinn Blindheim, som hadde dirigert korpset i meir enn 20 år, valde i 1995 å gi dirigentstaven vidare og konsentrere seg meir om eigne musikkprosjekt. Hans sterke engasjement i blant anna Ålesund Symfoniorkester gjorde at det vart vanskeleg å strekkje tida til å omfamne alle aktivitetar. Då korpset starta etter juleferien 5. januar 1995 var det første øving med ny dirigent. Helge Valen, Vigring opphavleg frå Sulalandet, tok til i dirigentgjerninga med godt mot, og heldt fram til Odd Fossum frå Ellingsøy tok over i 2000.
Bygdakveld i By'n Stor suksess med revy på heimebane førte nokre av korpsmedlemmane inn på tankane om å ta med seg heile rabalderet for framsyning i Ålesund. Etter ein tur til Høylandet på revykurs i 1993, fekk nokre eldsjeler drege med seg mange frå korpset til revyfestivalen på Høylandet i 1994. I denne perioden prøvde korpset noko nytt på revysida. Dei inviterte øyfolket til Rica Parken i Ålesund, og framsyningane Bygdakveld i By’n. Korpset fekk instruksjon av Ytre Suløens Jassensemble, og saman med desse vart det underhaldning langt ut i dei små timer. I tillegg til korpsets eigne revykrefter, fekk blant andre Are Kalvø latterdørene på vid veg hos dei mange øybuarane som hadde tatt vegen gjennom tunnelane.
Temakonsertar Korpset har i denne perioden forsøkt å bringe korpsmusikk og revyprosjekt nærare kvarandre. Etter satsingane på bygdekveldar i by’n, arrangerte korpset årlege temakonsertar som til dømes Latinkonsert, åttitals- og syttitalskonsert. Gamle hits vart børsta støv av i korpsarkivet, og fekk følgje av morosame revyinnslag på scena.
Basar Korpset har dei siste åra forsøkt å ta opp ein god gammaldags basartradisjon. Både små og store brukar å stille opp for å kjøpe både frå basarårer og et velfylt kakebord. I tillegg held vi fast på tradisjonar som til dømes speling på Vigra Sjukeheim kvar julaftan, og julemusikk i ulike former i desember.
Ny sulalending til dirigent for korpset Våren 2008 takka Odd Fossum for seg for å ta fatt på nye utfordringar. Øvst på ønskelista over arvtakarar sto sulalendingen Terje Tafjord. Han let seg overtale, og er i dag vår inspirerande og humørspredande dirigent.
|
|
|